Åpent hver dag 10.00 – 16.00

Turforslag

Rånåbue turforslag

Du finner mange gode forslag til fotturer på Bjorli og omegn her på www.bjorli.no

Et av de mest populære helårsmålene er til den nye dagsturhytta på toppen av Rånåkollen.

Rånåbue er tilgjengelig sommer og vinter.

Rånåkollen er ein karakteristisk og populær fjelltopp midt i dalen ved Bjorli. Turen opp er noko bratt, men til gjengjeld kort, noko som gjer Rånåkollen til ein av dei mest tilgjengelege toppturane i heile Lesja. Følg merking og vis omsyn til gardsdrift, gå i kanten av jorde og lat att alle grinder. Dyr kan vere på beite.

Frå toppen ser du mykje vakkert fjellandskap – i sør ser du rett inn i flotte Asbjørnsdalen og Reinheimen nasjonalpark. I vest ragar Tafjordfjella og Romsdalsfjella. I nord ser du ut over destinasjon Bjorli, med Bjorlitoppen, Kollhøi og Kongelberget som omkransar skitrekket og hyttene, før du i aust let blikket kvile over vidstrakte Lesjaskog.

Rånåkollen er mykje gått om vinteren med toppturski. Same trasè på austsida eller for lengre nedkøyring, følg Bølivegen og ta sikte på radiomasta både opp og ned.

TILKOMST

Køyr av E 136 1,3 km aust for Bjorli til Rånå. Følg vegen ca. 3 km og parker ved gamle Rånå skule på høgre hand. Er det fullt her, finn du 1,5 km lengre framme ei kjempestor parkering. Parkeringsavgift. Gå Rånåvegen attende til startskilt til Rånåkollen ved Haugen-gardane.

https://ut.no/turforslag/114748446/ranakollen-signaturen-pa-bjorli

Alle bilder ved: Lokalavisa www.vigga.no eller Lesja kommune.